Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer

Velkomen til Eid i Nordfjord

Å invitere er ein av kjerneverdiane i eidasamfunnet. Det ligg naturleg for eidarane å skape ulike arena for samhandling, kulturell utveksling og verdiskaping. Difor heiter slagordet «Eid inviterer»! I mange generasjonar har Eid vore ein naturleg samlingsstad for både handel, militær eksersis, som trafikkknutepunkt og som sosialt samlingspunkt for aktivitetar innan kultur og idrett. Eid tilhøyrer difor like mykje deg som kjem utanfrå som det tilhøyrer dei fastbuande!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.