Eid byr på fritidsaktivitetar for ungdom mellom 0 og 120 år. Golf er ein aktivitet der Eid kan by på fantastiske lokalitetar og stort engasjement rundt denne stadig meir populære sporten. Fjordhesten er det viktigaste i heile verda for somme. Då er det veldig greitt å bu nær fjordhestens Mekka, som mange vil kalle Nordfjordeid, med hingsteutstillinga, Fjordhestsenteret og Fjordane Folkehøgskule som naturlege samlingsstader. Gamaldans er ein aktivitet som fengjer både store og små, og NM arrangementet i gamaldans i 2010 både var og vil forbli eit definitivt høgdepunkt for mange. Det spirer og gror i ungdomsorganisasjonane og bridgen samlar framleis gamlekarane til uformell og sosial tevling. Kyrkjene i Eid står for svært mykje variert innhald gjennom året og skaper ikkje minst ein arena for kulturell utfalding til glede både for musikantar, predikantar og publikum.
Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.