AS Norsk Fjordhestsenter er det nasjonale senteret for Norges nasjonalsymbol – Fjordhesten, og det er ikkje tilfeldig at det er lagt til Nordfjordeid. Nordfjordeid blir kalla fjordhestens Mekka. Årsaken er historisk, med dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for. Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886, Norges Fjordhestlag si jubileumsutstilling i 1999 samla tilreisande frå elleve land og tre kontinent! Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert.
Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.