Kulturskulen er open for barn og ungdom frå 6 til 20 år. For instrumentalopplæring tek skulen inn elevar frå og med 1. klasse, men ved stor søking vil dei som er eldre frå første prioritet, dersom føresetnadene er dei same. For tilboda i biletkunst er nedre aldersgrense 3. klasse. Øvre aldersgrense er 20 år, med mindre ein har ledige elevplassar utan yngre elevar på venteliste.
Kulturskulen i Eid tilbyr opplæring i:
- Piano
- Orgel/keyboard
- Fiolin
- Bratsj
- Cello
- Gitar
- Messinginstrument
- Kammermusikk
- Biletkunst
Kor og korps kjøper dirigent-teneste og instruktørteneste frå Kulturskulen. Kva Kulturskulen gjev tilbod om undervisning i vil kunne variere frå år til år, då ein er avhengige av å ha lærarar som kan undervise i dei ulike faga. Lærarane er profesjonelle musikkpedagogar/kunstnarar med undervisningserfaring.
Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.