Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord stod ferdig 1. mars 2009 og vart offisiellt opna av kulturminister Trond Giske 25. april. Namnet seier opera, men dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg.

 

Publikumssuksessen til Opera Nordfjord har vore ein viktig, utløysande faktor for å få realisert det einaste operahuset utanom Bjørvika i Oslo. Men utan det øvrige kulturlivet i Eid hadde det ikkje vore mogleg å få til eit slikt bygg. Det er difor heile kulturkommunen Eid si forteneste at Nordfjord har fått ein unik, kulturell samlingsstad.

 

Aktørar frå heile Nordfjord har engasjert seg i arbeidet med å få realisert eit kulturhus som kan brukast til alle typar scenekunst. Operahuset Nordfjord er ein av mange viktige faktorar for å gjere Nordfjord til eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

 

Av økonomiske omsyn har sambruk av areal med skulen sine behov vore ei ufråvikeleg målsetjing gjennom heile planleggingsfasen. Det har òg vore spesielt viktig at kultursalen skal vere tilpassa akustisk musikk, altså musikk som ikkje brukar mikrofonar, som til dømes kammermusikk, klassisk og opera.

 

Å køyre på med tungrock er heller ikkje noko problem; det er enklare å dempe god akustikk i ein sal enn å skape god akustikk i ein mindre eigna sal. Klangen i rommet er regulerbar ved hjelp av akustiske teppe som kan hevast og senkast. Sogn og Fjordane har fått ein sal som høver til all scenekunst.

 

For å optimalisere akustikken nytta ein spesialkonsulent i akustikk, den same som vart brukt ved Bjørvikaoperaen.

 

http://www.operahuset.no

Vi ønskjer deg hit til oss!

Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!            

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms