Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Teaterkompaniet

Teaterkompaniet Nordfjord har øvingar med instruktør der dei arbeidar for å verte flinkare og tryggare på scena gjennom drama- og teaterøvingar. Ein treng ikkje ha ein draum om å bli skodespelar for å vere med. Gjennom arbeid med drama og teater lærer ein mykje om samarbeid, kommunikasjon og det å vere trygg på seg sjølv. Slike eigenskapar kjem godt med også utanom scena!

 

Følg Teaterkompaniet på Facebook

Vi ønskjer deg hit til oss!

Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!            

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms