Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Helsetenester

Nordfjordeid er definitivt helsehovudstaden i Nordfjord. Med Nordfjord sjukehus som juvelen i krona, tilbyr bygda totalt sett på eit breitt spekter av helserelaterte tenester.

 

Nordfjord sjukehus er sjølvsagt den største og viktigaste helseinstitusjonen i heile nordfjordregionen, og det er eit stort engasjement frå alle dei berørte kommunane i Nordfjord for å oppretthalde eit fullverdig og godt tilbod på mellom andre fødeavdelinga og innan akutt kirurgi. Nordfjord sjukehus ligg svært nær hjarta til nordfjordingane og tilbyr ei heilt unik tryggleikskjensle. Det er kanskje ikkje under like trivelege omstende ein vert ”invitert” inn på sjukehuset, men det er definitivt alltid kjekt å ha eit lokalt sjukehus å verte invitert til!

 

Nordfjordeid byr i tillegg på ei rekkje andre helserelaterte tenester, der somme av dei har direkte tilknyting til sjukehuset. Du finn mellom andre private hjartespesialistar, kiropraktorar, tannlegar og aktørar som tilbyr alternative behandlingsmetodar med mellom anna magnetar og aquamassasje. Det ligg mykje helse i velvære, og det er fullt mogleg å kombinere helsebringande timar med total avslapping på eit spa- og velværesenter. Ein må heller ikkje gløyme helsetenestene innan Eid kommune som omfattar spekteret frå aldersheim, sjukeheim og heimehelsetenesta til helsesøstertenesta og fysio- og ergoterapitenesta.

 

Nordfjordeid har òg eit godt utbygd tilbod innan psykiatri og rusomsorg, mellom anna med ei avdeling for barne- og ungdomspsykiatri. Det totale tilbodet gjer at ein kan få hjelp til det meste på Nordfjordeid, til stor nytte for dei som får hjelp og for dei pårørande. Sånn sett vert ofte eit opphald på Nordfjordeid ei livsendrande oppleving for mange – både på godt og vondt!

Vi ønskjer deg hit til oss!

Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!            

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms