Eid kommune har som visjon å vere ein levande og attraktiv kommune med rom for utvikling og nyskaping. I tillegg til å vere ein av dei største arbeidsplassane i regionen, er kommuneadministrasjonen òg ein av dei mest varierte, spennande og ikkje minst trygge arbeidsplassane. Her har du arbeidsplassar som spenner frå barnevernspedagog, sjukepleiar, heimepleiar og fysioterapeutar til lærarar, økonomar, ingeniørar og bibliotekarar. Ja, kommunen har til og med sin eigen operahussjef!
Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.