Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Historie

Eid kommune ligg sentralt midt i Nordfjord. Difor har fleire fellesfunksjonar som sjukehus, sorenskrivar, vegkontor og jordbruksretta foredlingsindustri vorte plasserte på Nordfjordeid.

 

Fram til midten av 1970-åra var Nordfjordeid eitt av dei viktigaste skulesentra i fylket med både amtsskule, gymnas og ein stor handelsskule. I Holmøyane starta ein 27 år gamal bonde den første snikkarskulen i Skandinavia i 1858.

 

På den gamle storgarden Myklebust fann ein for 100 år sidan nokre av dei rikaste gravfunna som er gjort frå norrøn tid på Vestlandet. I mellomalderen budde den mektige Stårheimsætta, med dronning Ingerid og baglarbispen Nikolaus Arnesson, på Stårheim.

 

Nordfjordeid har gjennom dei siste tiåra utvikla seg til eit sterkt handelssenter og eit aktivt kultursenter der ikkje minst nyskapinga Opera Nordfjord har vekt merksemd langt ut over fylkesgrensene. (Kjelde: Fylkesleksikonet, www.nrk.no/sfj)

Vi ønskjer deg hit til oss!

Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!            

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms