Svært mykje av aktiviteten til Eid kommune er spreidd utover i kommunen, mellom anna med ein desentralisert skulestruktur. Eid har barneskular både i Kjølsdalen, på Stårheim, på Haugen, på Hjelle og på Nordfjordeid. Eid Ungdomsskule dekkjer i tillegg ungdomssteget frå åttande til tiande klasse. Og heldigvis for Eid har Sogn og Fjordane fylkeskommune eit fantastisk skuletilbod for elevar som skal ha vidare utdanning etter ungdomssteget på Eid vidaregåande skule.
Likeeins er dei kommunale barnehagane lokalisert nær brukarane. Dei kommunale barnehagane som dekkjer frå eitt til seks år er Gjerdane barnehage, Golvsengane barnehage, Stårheim barnehage. I tillegg tek Haugen barnehage imot born frå tre til seks år. Eid har i tillegg fleire private barnehagar og familiebarnehagar som til saman gjer at det er god barnehagedekning i kommunen.
Sjå og oversikt på Eid kommune og http://eidaportalen.no/barnehagar
Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.