Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Tomter og bustadar

Eid kommune er den viktigaste tilretteleggjaren for innbyggjarane i kommunen. Då optimismen rår i kommunen, er det naturleg at vi no er aktive når det gjeld opparbeiding av bustadtomter rundt omkring i bygdene og i sentrum. Totalt sett er tilbodet godt av attraktive tomter, og avstandane i Eid er såpass korte at ein er i sentrum nærast same kvar ein finn draumetomta! Ta kontakt med kommunen for oversikt! Det er i tillegg eit godt utval leilegheiter og mindre bustader i kommunen for dei som ønskjer ein rimeleg førstegongsheim. Sentrum er forøvrig opparbeidd med mange parkar og grøne lunger som gjev tettstaden ei flott atmosfære!

 

http://eid.kommune.no

http://bygdeportalen.no

Vi ønskjer deg hit til oss!

Vi vil ha flest mogleg til å vitje kommunen vår og nytte seg av tenestene våre. Det vi aller helst vil er at ein flyttar hit og/eller startar næringsverksemd i kommunen. Ein slik tettstad kan ikkje stå stille – anten går ein framover, eller så sakkar ein akterut. Den positive trenden Eid no er inne i må difor oppretthaldast, og nettopp du kan gjere den store skilnaden i Eid! Vi har mange døme på dyktige tilflyttarar som har funne seg tilrette med ein gong og som gjer ein formidabel innsats både på dei små og dei store scenene i lokalsamfunnet!            

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms