Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Bussruter

Eid er ein viktig stoppestad for NOR-WAY Bussekspress med to gjennomgåande ekspressbussruter som har fleire daglege avgangar. Dette gjeld Nordfjordekspressen mellom Måløy og Oslo på Riksveg 15 og Vestlandsbussen mellom Ålesund og Bergen på E39. Dette er den smarte reisemåten for dei som ønskjer ei miljøvennleg, rimeleg og komfortabel reiseform utan innsjekkingar og sikkerheitskontrollar – med det knallbra passasjermagasinet Underveis, internettilgang og med garantert plass!

 

http://ruteinfo.net

http://www.nor-way.no/

Eid - midt i Nordfjord

Eid kommune ligg sentralt plassert midt i Nordfjord og midt i ein større region som omfattar delar av Sunnmøre og Sunnfjord. Innan eit par timars køyring dekkjer ein byar som Ålesund og Førde, fleire flyplassar og eit kjempestort befolkningsgrunnlag.

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms