Innan relativt korte avstandar er det tilgang til både små og større flyplassar. Sandane Lufthamn på Anda er næraste flyplass som ligg berre eit par minutt frå kommunegrensa i nabokommunen Gloppen. Volda/Ørsta Lufthamn i Hovdebygda ligg ikkje mykje lenger unna kommunegrensa i nord. Elles er både flyplassen i Florø og Førde mykje brukt. Den næraste større flyplassen ligg på Vigra utanfor Ålesund, og denne har internasjonale avgangar. Det tek eit par timar å køyre til Ålesund.
http://www.avinor.no/lufthavn/sandane
http://www.avinor.no/lufthavn/orstavolda
http://www.avinor.no/lufthavn/alesund
http://www.avinor.no/lufthavn/floro
Eid kommune ligg sentralt plassert midt i Nordfjord og midt i ein større region som omfattar delar av Sunnmøre og Sunnfjord. Innan eit par timars køyring dekkjer ein byar som Ålesund og Førde, fleire flyplassar og eit kjempestort befolkningsgrunnlag.
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.