Eid Utviklings Fellesskap er paraplyorganisasjon for undergrupperingar innan reiseliv- og industri/service-bedrifter i Eid Kommune. Organisasjonen er talerør for eit samla næringsliv i Eid Kommune, og har som målsetjing å vere eit verktøy for både næringsliv og kommune i saker som er viktige for målretta vekst og næringsutvikling i Eid Kommune.
Det er no under arbeid ei etablering av felles næringsutviklingsselskap for Vågsøy - Eid og Selje, Nordfjord Vekst AS. Meir informasjon kjem etter kvart. sjå også http://www.maloyvekst.no/
Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje den aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.
Ledige stillingar:
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.