Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Lokalt energikonsept med globalt potensial

Fjordvarme AS er eit selskap på Nordfjordeid som har eitt av dei mest spennande energi- og ENØK-teknologiane i Noreg. Heile Nordfjordeid er etterkvart blitt eit gigantisk demonstrasjonsanlegg som viser at termisk energi frå sjø kan verte eit viktig tiltak i kampen mot global oppvarming. At brukarane samstundes betrar økonomien og får auka komfort, er tilleggsfaktorar som gjer fjordvarmekonseptet til eitt av framtidas beste, gjennomførbare klimatiltak!

 

Bruk av miljøvennleg energi frå sjøvatn til oppvarming og kjøling er eit klimatiltak som så langt i svært liten grad er utnytta i Noreg, sjølv om det er relativt enkelt og ikkje minst økonomisk forsvarleg. Etter fem års drift går no drifta av fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid i balanse, og det gjev no grunnlag for å tilby denne grundig uttesta teknologien til brukarar langt utover kommune-, fylkes- og landegrensene!

 

www.fjordvarme.no

Eit næringsliv midt i blinken

Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje den aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.

 

Ledige stillingar:

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms