Lefdal Gruve er verdas største, sikraste, grønaste og mest kostnadseffektive datalagringsprosjekt i regi av Local Host. IT-bransjen brukar i dag 10 % av all elektrisitet i verda og står åleine for heile 2 prosent av verdas samla utslepp av CO2. Dette er eit klimaproblem som berre vil vekse i omfang om noko ikkje vert gjort. Lefdal Gruve i Eid har eigenskapar som kan forandre heile dette biletet og gjere IT-bransjen til eit miljømessig førebilete. Med nærleik til den lange og djupe Nordfjorden i ein region som allereie produserer 100 % fornybar energi frå vassfall og vind, ligg forholda perfekt tilrette for Local Hosts eigen, unike kjølingsteknologi som reduserer straumbruk og utslepp til eit minimum.
Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje den aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.
Ledige stillingar:
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.