Kvinnelege gründerar får god hjelp til å etablere seg i Eid, mellom anna innan Huldra-prosjektet.
Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje den aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.
Ledige stillingar:
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.