Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Landbruk

Landbruket er ein av dei viktige og tradisjonsrike næringsvegane i Eid, der storfe med mjølkeproduksjon og hest er to av dei største driftsformene. Og når ein er inne på dette med kopling av kultur og næring – kua har vorte sjølve symbolet på populære Malakoff Rockfestival!

 

I Eid har ein ei samla mjølkekvote på vel 7.000.000 liter mjølk fordelt på om lag 90 produsentar (2009). Det gjer Eid til ein av dei viktigaste kommunane i Noreg på mjølkeproduksjon. I tillegg er Eid den størst kommunen i fylket med gardbrukarar som har hest som driftsform. Landbruket opplever stadig endringar gjennom endra rammevilkår, samdrifter oppstår og andre gjev seg, men likevel er landbruket eit av dei mest karakteristiske trekka ved eidasamfunnet.

 

Andre viktige driftsformer i Eid er storfe med tanke på kjøtproduksjon, sau, frukt og til ei viss grad bær og verpehøner. Eit satsingsområde framover vil vere å tenkje landbruk på ein annan måte, der ein kombinerer gardsdrift både med reiseliv og kultur. Slike tiltak vil føye seg perfekt inn i den satsinga Eid har for tida på å gjere seg mest mogleg attraktiv for tilreisande frå fjern og nær.

 

I alt er det 599 landbrukseigedomar i Eid der drøye 550 av desse har over fem dekar med jordbruksareal. Totalt er det 31.574 dekar med jordbruksareal der 24.818 dekar er areal som er i drift. I tillegg har Eid eit produktivt skogsareal på heile 125.779 dekar. Dette seier noko om det store omfanget av jord- og skogbruket i Eid!

 

Ein gardbrukars beste venn er ofte avløysaren. Landbrukstenester Nordfjord er eit avløysarlag som formidlar landbruksvikarar og andre avløysarar slik at gardbrukaren kan få hjelp ved sjukdom og for å gjere det mogleg med ferie og fritid. Storleiken på landbruket i Eid gjer at slike ordningar fungerer godt og føremålstenleg.

Eit næringsliv midt i blinken

Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje den aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.

 

Ledige stillingar:

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms