Prosjektet VAKN - "Vårt akademi for kultur og næring" frå 4 millionar kroner over ein treårsperiode. Tilskotet kjem frå den nasjonale bulystsatsinga.
- VAKN er ei svært spennande satsing på kulturbasert næringsutvikling. Eid har gjennom lang tid jobba godt med kultur, og lagt grunnlag for utvikling av kulturnæringar. Eid har såleis eit solid utgangspunkt for å lukkast med satsinga, seier fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad og fylkesdirektør for næring Jan Heggheim.
Målet med prosjektet er å vidareutvikle VAKN-modellen, ein modell for kulturbasert næringsutvikling i distriktskommunar. Prosjektet skal skape fleire bedrifter med utgangspunkt i kultur, og bruke kultur for å skape bulyst.
Prosjektet er eit samarbeid mellom offentlege styresmakter og private aktørar. - Partnarane bak søknaden har tidlegare vist at dei kan samarbeide og få til store og spenstige satsingar innan kultur. Dette gjev eit god grunnlag for å utvikle ein modell med stor overføringsverdi, samstundes som ein styrkjer utviklinga av kulturbasert næring i Sogn og Fjordane, seier fylkesdirektørane.
Sjå www.vakn.no
og Facebook
Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje den aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.
Ledige stillingar:
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.