I Eid er kultur ein så viktig fritidsaktivitet at det finst mange døme på folk som buset seg på her berre for å vere der det skjer. Ikkje berre er det enklare å rekruttere legar til sjukehuset på grunn av operaen, men det store mangfaldet innan kultur, idrett og organisasjonsliv totalt sett gjer at stadig fleire ungdomar ser verdien av å flytte heim att for å etablere seg. Det er både trygt, kjapt og billig! I Eid snakkar ein jamvel om kulturbasert næring – interessa for kulturhovudstaden gjer det rett og slett mogleg å jobbe på fulltid med å ta imot dei mange gjestene som kvar dag vitjar kommunen.
Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.