Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Kunst, inspirasjon og glede til sals

Få andre stader enn Nordfjordeid kan invitere til eit eige hus dedikert til kunst og kultur midt i sentrum. Kulturhuset Gamlebanken er ein kulturell fristad som blømer over av kunstuttrykk i alle former, frå måleri og foto til song og musikk. Bygget er vakkert og det ligg i midt i smørauget i Nordfjord og i kulturhovudstaden Nordfjordeid.

 

Kulturhuset Gamlebanken er staden for litt annleise opplevingar, plassert midt i den sjarmerande Eidsgata. Her kan du vandre rundt i bygget og finne kunstnariske godbitar i kvar ein krok. Kjøp gjerne med deg det du likar aller best! Er du heldig er det kanskje ein konsert med ein dyktig kulturskuleelev eller ei verdsstjerne frå operaen akkurat når du er der. Alt kan skje i Gamlebanken – dette skal vere ein god møtestad for alle kunst og kulturinteresserte i regionen.

 

http://www.gamlebanken.no

Eid er kulturhovudstad

Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms