Eid byr på fritidsaktivitetar for ungdom mellom 0 og 120 år. Golf er ein aktivitet der Eid kan by på fantastiske lokalitetar og stort engasjement rundt denne stadig meir populære sporten. Fjordhesten er det viktigaste i heile verda for somme. Då er det veldig greitt å bu nær fjordhestens Mekka, som mange vil kalle Nordfjordeid, med hingsteutstillinga, Fjordhestsenteret og Fjordane Folkehøgskule som naturlege samlingsstader. Gamaldans er ein aktivitet som fengjer både store og små, og NM arrangementet i gamaldans i 2010 både var og vil forbli eit definitivt høgdepunkt for mange. Det spirer og gror i ungdomsorganisasjonane og bridgen samlar framleis gamlekarane til uformell og sosial tevling. Kyrkjene i Eid står for svært mykje variert innhald gjennom året og skaper ikkje minst ein arena for kulturell utfalding til glede både for musikantar, predikantar og publikum.
Dersom du vil sjå litt inn i krystallkula om kva som ventar av nye talent, er det berre å oppsøkje dei mange aktivitetane for born i kommunen både innan idrett og kultur. Om vinteren fyk dei ned bakkane på Harpefossen, susar rundt løypene på Tua, spelar fotball på den fjordvarma bana ved idrettshallen og klimprar på fela så det ljomar etter i førebuingane til Ungdommens Kulturmønstring. Om sommaren vert det sparka endå meir fotball, det vert teke tusenvis av symjetak og musikantane bur seg både på NM i luftgitar på Malakoff og på statistroller hos Opera Nordfjord. Og all denne satsinga på ungdomen har gjeve gode resultat nasjonalt og internasjonalt. Idrettsheltar som symjeesset Sander Smørdal, Azar Karadas med lærkula, Mats Inge Smørdal med bogen og skifantomet Ronny Hafsås er til inspirasjon for ungdomen langt ut over kommunegrensene.
Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.