Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Talentfabrikken

Kulturskulen i Eid er verdt å nemne spesielt. Her har Eid kommune skapt ein talentfabrikk av dei sjeldne, men særs dyktige lærarkrefter innan alt frå gitar og fele til piano og blåseinstrument. Mange av talanta kan ein oppleve gjennom året i kommunen sitt eige kulturhus, Gamlebanken. Der er det dessutan høve til å stille ut kunstverk av den konkrete, fotograferte og abstrakte sorten, både for lokale talent og langvegsfarande, etablerte kunstnarar.

 

http://www.kulturskulen.no

Eid er kulturhovudstad

Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms