Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Magisk rockeeventyr på Nordfjordeid

I slutten av juli kvart år opnar Nordfjordeid dørene til ein av landets beste rockefestival– Malakoff Rockfestival! Saman med eit utval av dei beste artistane i landet, sørgjer meir enn 500 frivillige for eit magisk rockeeventyr og ei ugløymeleg festivaloppleving som alle ønskjer å oppleve igjen. Festivalen har heile to gongar blitt kåra til ”Årets Rockfestival”!

 

Festivalen blei starta av ungdomar i 2003. Første året fann 600 publikumarar vegen til ”plassen”. Talet på gjester har sidan den gong auka med 50 % kvart år og dei siste åra har festivalen samla over 11.000 rock- og festivalentusiastar til sommarens høgdepunkt.

 

www.malakoff.no

Eid er kulturhovudstad

Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms