I 1998 kom starten på det som skulle representere ei ny tidsrekning for Eid. Ein kan snakke om ”tida før og etter operaen”. Skepsisen var heller stor i starten for dette ”eliteprosjektet”, men etter kvart skulle Opera Nordfjord vise seg å verte noko av det mest folkelege som finst og med ringverknader som skulle endre eit heilt lokalsamfunn. I dag er Opera Nordfjord ein nasjonal kulturskatt!
Ringverknadene av Opera Nordfjord er så mange at det er vanskeleg å vite kvar ein skal starte. Operaen har gjeve eidasamfunnet eit heilt nytt syn på kva som er mogleg å få til i kulturlivet. Frå den forsiktige starten med Flaggermusen i 1998 og La Traviata i 1999, byrja ein sjå at dette var det verkeleg interesse rundt frå både publikum, dugnadsapparat og artistar. Med Toralv Maurstad på scena i ”Den glade enke” i 2004, så tok det heilt av publikumsmessig. Dei siste åra har altså vore ein formidabel vekstfase for Opera Nordfjord, og dette har drege med seg ein formidabel vekst for heile kulturlivet i Eid.
Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.