Operahuset Nordfjord har vorte den kulturelle storstova i Nordfjord som samlar folk frå heile regionen til opera, ballett, teater, konsertar og musikalar. I 2010 utvida Operahuset aktiviteten ytterlegare ved å opne Gymmen Scene og Studio. Gymmen vil gje Nordfjordeid eit løft som den beste konsertstaden for rock mellom Sogndal og Volda.
Kultur skapar altså kultur. Suksessen med Opera Nordfjord gjorde det mogleg å byggje Operahuset Nordfjord perfekt tilpassa akustisk musikk. Og suksessen med Malakoff Rockfestival har gjort det mogleg å byggje opp Gymmen til den ultimate staden for utøving av rytmisk, plug-in-musikk. Operahuset og Gymmen utfyller kvarandre godt og gjev all type scenekunst endå betre kår i Nordfjord.
Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.