Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Turistens perfekte utgangspunkt i Nordfjord

Eid er ein typisk vestlandskommune med nærleik til fjord og fjell og vakker natur. Kommunen ligg midt i det vestnorske fjordlandskapet som er sett på UNESCO si verdsarvliste, og vegen er svært kort til verdsattraksjonar som Geirangerfjorden i nord, Briksdalsbreen i aust, Vestkapp i vest og Nærøyfjorden i sør. Eid er for stadig fleire det naturlege utgangspunktet for slike utflukter då vegen er relativt kort i alle himmelretningar til dei mest unike opplevingane Noreg har å by på. Kommunen sin eigen turistinformasjon finn du i Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata.

 

Eid Turistinformasjon: http://www.nordfjord.no/no/Produkt/?TLp=225691&Eid-Turistinformasjon

Reisemål Stryn og Nordfjord: www.nordfjord.no

Fjord Norge: http://www.fjordnorway.com/no/

Midtre Nordfjord Turlag: http://www.turistforeningen.no/midtrenordfjord/

Turistforeningen: www.turistforeningen.no

 

Brosjyre frå Nordfjord: http://www.e-pages.dk/visitnorway/241/

 

Turboka for Eid: Utdrag turbok kan kjøpast på Totlands Bokhandel

 

Turkart Eid:

http://www.nordfjord.no/no/Produkt/?TLp=438075&Turkart-Eid

 

Kapp det gode liv skal gjere det enklare for turistane å sjølve legge opp til fantastiske opplevingar langs kysten av ytre Nordfjord og søre Sunnmøre. Vi vil vere eit reiselivsverktøy for destinasjonsselskapa i Nordfjord og på Sunnmøre, slik at enno fleire kan oppleve kystkulturen vår: www.kappdetgodeliv.no

Eid er kulturhovudstad

Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms