Turistinformasjonen i Eid ligg i kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata på Nordfjordeid.
Eid er eit eldorado for fotturistane, og det er gjeve ut ei eiga turbok for Eid kommune som i detalj tek deg med på eit stort tal flotte naturopplevingar opp på fjell og innover dalar. Fleire stader er det tilrettelagt aktivitetar for heile familien både sommar og vinter, og stadig fleire vel å byggje seg hytte i Eid for å kunne nyte noko så sjeldan som eit landleg sentrumsliv!
Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.