Harpefossen inviterer til eit fantastisk, familievennleg anlegg med aktivitetar både på vinterstid og sommartid. Bak det flotte anlegget ligg ein enorm dugnadsinnsats og ikkje minst ein sparebank som verkeleg har eit ønskje om å byggje opp positiv aktivitet i Sogn og Fjordane.
Gode vilkår for borna er viktig når ein skal opparbeide eit godt familietilbod. Har borna det kjekt, godt og trygt, så trivst foreldra òg. Stadig fleire ser verdien av å bruke mykje av fritida si på Harpefossen, og det har ført til ei storstilt hytteutbyggjing i området. Dermed er den positive spiralen i gang – dess fleire vitjande og fleire hytter i område, dess betre tilbod kan ein tilby med både skileikområde, fleire trekk, serveringstilbod, parkeringsplassar og så vidare.
Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.