Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Heilårsgrønn kunstgrasbane

Media undar seg stundom på kvifor fotballag frå Eid vinn over sterkare lag i vintersesongen. Svaret kan vi avsløre her: det er kunstgrasbana som kan ta ein del av denne æra. Jovisst, det er kunstgrasbaner andre stader og. det spesielle med bana på Nordfjordeid er at denne er undervarma frå fjorden. Fjordvarme-prosjektert på Nordfjordeid gjev altså den lokale idretten eit stort fortrinn når det gjeld utandørstrening i vinterhalvåret.

 

Fjordvarme AS: www.fjordvarme.no

Eid er kulturhovudstad

Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms