Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Laksefiske i Eidselva

Med start ved Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, og etter endt ferd ned  Eidsdalen, tømer elva seg i Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Eid sentrum. Jobben er  gjort. Vatn ned, fisk opp. Både djupe og grunne hølar er passert, stryk og virvlar er danna. Men her også rolige parti under skuggefulle trekroner, for Eideselva er i heile si lengde omkransa av skog, eit grønt “sjal” ligg inntil“ kroppen” på begge sider. Somme stader med ei og anna spanande opning mot ein djup og stille høl. Sportsfiskaren som opplever dette må føle seg  “heimkomen“. Elva er heller ikkje berre ein vasstreng gjennom dalen, men òg eit posistivt visuelt element til glede både for grunneigarar og andre som vel å  stresse ned langs både rolige og meir straumfulle partia ein sumarkveld.

 

www.eidselva.no

Eid er kulturhovudstad

Eid vert omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og det er ein påstand som er enkel å forsvare. Ikkje berre er det full aktivitet i bygd og grend med både idrettslag, korps, kor, frivillige organisasjonar, teater, spelemannslag, bygdeungdomslag, jaktlag og eitt og anna lystig lag. Eid er òg hovudstad for regionale fyrtårn som Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord og den nye storstova i Nordfjord – Operahuset Nordfjord!

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms