Kontakt   |   Om Eid Inviterer   |   Annonsering   |   Kva skjer
logo
Facebook

Om Eid Inviterer

Eid Inviterer er eit felles konsept for alle aktørar i Eid som driv med ekstern verksemd. Profilen kan nyttast av bedrifter, organisasjonar og kommunen når ein til dømes skal invitere, søkje etter nye folk, lage presentasjonar og liknande. Last ned logoen og bruk han på annonsa di neste gong du har ein kampanje!

 

Slagordet «Eid inviterer» oppsummerer posisjonen til Eid både regionalt og nasjonalt. Posisjonen er kjenneteiknet som gjer at Eid skil seg ut frå regionen elles. Slagordet høver godt når eidaordføraren skal ut og representere, bedriftene skal ut og rekruttere, kulturen og idretten skal ut og imponere, politikarane skal ut og inkludere, handelen skal ut og inspirere, skulane skal ut og informere, reiselivet skal ut og fascinere og når unge gründerar vert inviterte til å etablere!

 

InMedia har laga konseptet ”Eid Inviterer”. No er dette òg å få som sølvsmykke. Kathrine Berg driv BergArt Gullsmedverkstad midt i Eidsgata. Det er ho som har laga det solide, runde og gode sølvsmykke av prikken over i-en i ”Eid inviterer”-logoen som heng rundt halsen på ”fremsidepiken” i magasinet du kan laste ned på denne nettstaden.

Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.

| arego cms