Eidsgata er sjølve symbolet på koseleg handel, og gata er nærast å rekne for å vere eit nasjonalt klenodium som både cruiseturistar og andre langvegsfarande svært gjerne oppsøkjer. Her finn du stolte og solide familiebedrifter, små nisjebutikkar med dei utrulegaste ting og nye, moderne butikkar i ei perfekt blanding – alt pakka inn i gamle, sjarmerande trebygningar.
Tettstadsutvikling: http://www.regjeringen.no/nb/sub/stedsutvikling/gode-eksempler/stedsutvikling-fylkesvis/sogn-og-fjordane-fylke/tettstadprosjekt-sogn-og-fjordane-nordfj.html?id=533785
Nordfjordeid tilbyr definitivt det største og mest unike handletilbodet mellom Førde og Ålesund. Og i motsetnad til mange andre handlesenter, så held Nordfjordeid på den same gamle sjarmen som har vore kjenneteiknet til bygda i fleire generasjonar.
Eid Inviterer er ein nettstad der ein har samla mykje informasjon om eidasamfunnet på ein stad. Dette skal gjere det enklare for både tilreisande, nyfikne og ikkje minst fastbuande å orientere seg om denne vakre vestlandskommunen. Sida er utvikla av InMedia AS i samarbeid med næringslivet og Eid kommune.